Velkommen Holsdagen!

Holsdagen er eit arrangement som viser korleis eit gjestebod i eldre tiders Hol og Hallingdal elles vart gjennomført.

Arrangementet legg sterk vekt på å vera tradisjonsrett, og har vore arrangert så å seia kvart år sidan 1957. Vigsla av det ekte eller uekte brureparet foregår i Hol gamle kyrkje, ei vakker kyrkje frå 1200-talet. Etter vigsla er det brureferd langs den vakre Holsfjorden med brureparet høgt til hest fremst. Deretter følgjer ei brureferd med mange bunadskledde gjester, spelemenn, kjellarmenn og det som høyrde eit gjestebod i eldre tider til.
Ferda endar opp i bryllupsgarden, som er Hol bygdemuseum. Heile museet er bygd opp slik ein Holingsgard var i eldre tider, og her blir bryllupet feira mest mogleg lik det det i følge tradisjonane skal vera. Innlagt er også ulike innslag som viser sentrale hendingar i bygdesoga gjennom tidene.

Det er ein svært flott stad å feire bryllup, og her er god plass til alle. Tradisjonskost blir servert på museet.  Det er lokal marknad i tilknytning til Holsdagen der du kan få kjøpt lokale fyrsteklasses produkt av ymse slag.

http://www.youtube.com/watch?v=7obovFrGg_U